Kvifor vil du bli prest?
Alle kristne er kalla til å tene, og så er det forskjellege tenester. Eg
har interesse for presteyrket og trur eg har gåver som Gud kan
bruke. Det er likevel eit vågestykke å gå inn i ei slik oppgåve for
kyrkjelyden. Men eg har våga å svare ’ja’.
Du er 31 år, då har du ikkje berre studert etter vidaregåande?
Eg har brukt 5 år på andre ting. Alt frå au pair i USA til arbeid på
Linjegods. Teologien har tatt 7 år, fordi eg har gått både på
Fjellhaug og MF. Å gjere andre ting enn å studere kan vere sundt,
og har vore nødvendig for meg.
Korleis trur du det blir å vere prest?
Eg har smakt litt på presteyrket gjennom praksisperiodar. Mykje er
dei faste tinga: gudsteneste, konfirmantar, gravferd t.d. Det kjem til
å verte krevjande, og eg trur det kan verte heilt fantastisk. Eg er
glad i gudstenesta og håper å sjå konfirmantar vekse i tru og frimod!
Kva tenkjer du om ordinasjonsdagen?
Eg er spent og håper det blir ein flott dag. Eg er veldig glad for at
Odd Bondevik vil kome og gjere det. Ordinasjonen er ei forbønshandling,
ei velsigning til teneste. Det er fint å gjere det her på Godøya. Eg er ei
frukt av kyrkjelyden her. Eg har opplevd mange gode ting på bedehuset,
og eg veit det er mange som ber for meg. Derfor skal dei óg få vere med på
denne merkedagen i livet mitt. Ordinasjonen er bøn og fest.
For at ordinasjonen til Øyvind Remmen skal bli ein fest, oppmoder
vi alle som vil til å møte fram på gudstenesta på Godøya, søndag
29.juni.